Haustferietilbod på Steinvikholm: "Olav Engelbrektssons Ridderskole"

Vi i Fortidsminneforeningen - Den trønderske avdeling har gleda av å invitere born i alderen 9 - 12 år til vakre Steinvikholmen i haustferien!

Lat borna oppleve ein dag i Olav Engelbrektsson si verd på Steinvikholmen. Det vert skuletime Anno 1537, samt leiking og læring i borgruinen. Kanskje får Steinvikholmen ei rekkje nye riddarar innan haustferien er slutt?

Måndag 09.10.: kl. 11.00 - 14.30
Tysdag 10.10.: kl. 11.00 - 14.30
Onsdag 11.10.: kl. 11.00 - 14.30

Avgrensa plassar, med maks ti born per dag.

Spørsmål og påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 05.10.17. Betaling á kr. 100,- ved oppmøte.

Vi gler oss til å sjå deg på Steinvikholmen! :)