Aktivt i Os lokallag

Os lokallag, et av de nyeste i Fortidsminneforeningen, er fullt av energi og tar sin rolle i lokalsamfunnet. Les dette dette brevet som laget har sendt til pressen og la deg iinspirere.

Eit nytt lokallag i den eldste foreininga for kulturvern.

Fortidsminneforeininga har i år starta eit nytt lokallag i Os, og overskrifta her syner til at fortidsminneforeininga er den eldste aktive foreininga for kulturvern i Europa. Det er såleis både ei lang historie og eit stort nettverk som ein kan ta del i ved å verta medlem i foreininga. For å verta det går ein inn på foreininga si heimeside og melder seg inn, og alle med adresse i Os vert medlemmer av lokallaget også.

Målet til foreininga sentralt er å vera den leiande friviljuge organisasjonen i det norske kulturminnevernet. Ein kjempar for at verdifulle kulturminne og kulturmiljø skal bli tatt vare på for ettertida. Fortidsminneforeininga bryr seg om alle kulturminne, men har hatt ein særleg interesse for historiske bygg og bygningsmiljø. Dei seinare åra har ein hatt større merksemd på det som vert kalla «nyare tids kulturminne», som til dømes arkitektur frå modernismen.

Tema.

På skipingsmøtet i lokallaget drøfta ein ulike aktuelle tema for Os bygda, og styret kom fram til fire prioriterte område. Medlemmane i styret er Ingebjørg Astrup, Jarl Aspaker, Ingerid Sulen, Torill Keys og Gøril Nordtvedt.

Osbanegruppe. Stasjonsområdet og banetraséen som ligg i Os kommune. Bremarvogna som er ei av dei originale Osbanevognene som vart berga førre året . Det er aktuelt å samarbeida med Osbanens venner.

Immateriell kulturarv. Formidlingsprosjekt knytt til UNESCO-statusen til Oselvaren med  båten, handverket, historia og korleis ein har tatt vare på tradisjonen. Kurs for formidling vart planlagt i samarbeid med Oselvarnaustet, Oselvarlaget og Oselvarklubben

Historiske/verneverdige hus på Os. Formidlingsprosjekt med plan om nettstad og plakettar med QR-kode. Når materialet er på plass, kan ein laga ulike ruter som industrihistorie, krigshistorie osb. Det er naturleg å samarbeida med Os kommune, Os sogelag, Bevar Fjellheim og einskildpersonar.

Glad i gamle hus – interesse for restaurering. Formidling av kompetanse og stader å søkja tilskot for huseigarar.

Om du har interesse for å arbeida med nokre av desse områda, ynskjer vi deg særskilt velkomen i lokallaget. Nye medlemmer kan også føra til at andre tema vert prioritert. Vi ser det naturleg å samarbeida med andre lag som er opptekne av kulturminna våre. Gjennom Fortidsminneforeininga kan vi sjå det lokale arbeidet i eit større perspektiv, og Fortidsminneforeininga har også ein formalisert avtale om å vera høyringsinstans i plansaker som gjeld ulike former for kulturminne og kulturmiljø.

Kurs for alle.

Som oppfølging av det fjerde temaet skipar vi til eit kurs onsdag den 27. september som er ope for alle som vil har meir kunnskap om kor og korleis ein kan søkja midlar til istandsetting av kulturminne. Vi ønskjer særleg velkomen eigarar av gamle hus og dei som arbeidar i forvaltning som skal rettleia søkjarane. Kurset vert halde i Os folkebibliotek frå, og du kan melda deg på til adressa Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.        

Det vert informasjon frå Kulturminnefondet ved Siv Amundsen. Ho vil snakka om kriteria for søknader om midlar frå fondet og om sjølve søknadsprosessen. Fortidsminneforeininga  informerer om prosjektet "Kulturminner for alle". . Hordaland fylkeskommune ved Elizabeth Warren vil informera om støtteordningar frå fylket med eksempel på søknad og rapportering. Stiftelsen UNI vil bli presentert av dagleg leiar ved FMF i Hordaland, Gøril Nordtvedt, som også er med i styret i lokallaget. Vi vonar at dette vil vera av interesse for mange i Os og Fusa.

Ingebjørg Astrup

Leiar i Fortidsminneforeininga – Os lokallag