fbpx

Urpremiere: Verdsmusikk i Finnesloftet

Me ynskjer velkomen til urpremiere av tingingsverket ”Det er så fagert i Finnesloftet” 18. august!

signe førreKomponist Signe Førre har laga eit program til Finnesloftet der ho tar i bruk gamle kulturskattar og lagar dei om til ny musikk. Signe, som også er bassist og songar, er kjend for sin kreative evne til å bruke gamle verk til å lage ny og spanande musikk. Ho leiker med nye rytmar og har ein nordisk tilnærming til verdsmusikk og setter dette inn i ein jazzsamanheng.

I Finnesloftet vil ho framføre nyskrivne arrangement av songar frå ulike kulturar samt eigne rearrangerte låtar for anledningen. I dette prosjektet vil det i hovudsak vera musikk som passar til Finnesloftet der nokre av songane er like gamle som loftet sjølv!

Flere konserter i Finnesloftet i august

Signe Førre vil ta oss med på ei reise i hennar univers der folkemusikken, jazzen og etnisk musikk blandast om til nye skattar og der tradisjonsrik standardjazz frå Amerika og England vil få nytt liv. Me gler oss til å presentere eit spanande prosjekt med fokus på kulturarv og nyskaping framført i Noregs eldste mellomalderhall i tre. Signe Førre vil òg rekomponere folkesongen "Det er så fagert i Finnesloftet" som ho har valt å kalle tingingsverket for. Dette blir ei musikalsk vandring på tvers av tid og sjangrar der den musikalske kjernen består, men rammene rundt er fornya. 

Hvem: Signe Førre: Kontrabass, vokal, Jo Asgeir Lie: Trekkspel, Kåre Opheim: Slagverk, perkusjon

Hvor: Finneslofter på Voss

Når: Søndag 18. august kl. 1900

Pris: 325,-

Billettsal: Voss Vandrarheim resepsjon eller tikkio.com

Velkomen!

Kontakt: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Se flere konserter i Finnesloftet i august