fbpx

Om gamle omnar - kurs

Velkomne til kurs om korleis me kan setja i stand gamle omnar

Me kan få glede og nytte av dei  gamle omnane samstundes med at me tek vare på ein viktig del av vår kulturarv! Me tek til kl. 9.00 17. mars med foredrag om temaet med ein av dei fremste me har i faget her i landet, eldsjel Anders Sundvold. Ta gjerne med din eigen omn om du har ein du vil ha satt i stand, eller ynskjer å få råd om. Instruktør: Anders Sundvold Stad: Valdres Folkemuseum Tid: 17. og 18. mars (13 timar) For spørsmål og påmelding: Innan 10. mars til Valdresmusea v/bygningsvernrådgjevaren, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. Pris: 2.500 (rabattpris: kr 2.200, om har årskort for Valdresmusea, er medlem i Verne – Vøla eller Fortidsminneforeningen), inkludert lunsj