fbpx

Eit omstridt livsverk: Blix si restaurering av Hove

Han vart Hovekyrkja sin redningsmann, men Peter A. Blix’ restaurering av denne mellomalderskatten i Vik i Sogn fekk óg sterk fagleg kritikk.

Tekst: Gaute Losnegård, medforfattar av biografien «Peter Andreas Blix – I strid for vekst og vern» (2001)

I 1880 føregjekk det restaureringsarbeid ved Håkonshallen i Bergen under leiing av Peter Andreas Blix. I samband med restaureringa averterte dei etter kleberstein, og eit par veker etter at arbeidet hadde teke til, dukka det opp ein kar som hadde stein å selje. Blix ville vite kor steinen kom i frå, men mannen ville berre seie at den kom frå ein bygning i Sogn.

Neste dag kom ein annan kar som også ville selje stein utan å fortelje så mykje meir. Blix ville ikkje ha noko med det å gjere, dersom han ikkje fekk fleire opplysningar, og mannen fortalde då at han var medlem av formannskapet i Vik, og at steinane kom frå Hovekyrkja. Blix blei då sint, og sa at slik vandalisme ville han ikkje vere med på.

Kjøpte kyrkja for 400 kroner

Blix gjekk til formannen i Bergensavdelinga av Fortidsminneforeningen og foreslo at foreininga skulle kjøpe kyrkja, men fekk vite at dei ikkje hadde råd. Då tilbaud Blix seg å kjøpe kyrkja sjølv og bevare henne. Han skreiv til ordførar Hans M. Meyer i Vik og tilbaud fem hundre kroner for Hovekyrkja. Meyer, som i fleire år hadde forhandla med Fortidsminneforeningen om sal, var nok glad til, og kyrkja, som stod mykje til nedfalls, gjekk for fire hundre. I november 1880 vart summen overdregen.

Les også: Fortidsminneforeningen fikk Hove steinkyrkje i jubileumsgave

Livsverket i Vik i Sogn

Kven var denne Peter Andreas Blix? I perioden då det moderne Norge blei skapt, var han ein av landets fremste arkitektar og ingeniørar. Han starta karrieren sin i Kanalvesenet og arbeidde seinare for Stadsingeniøren i Bergen og NSB, før han heldt fram som sjølvstendig arkitekt. Han teikna over 50 jernbanestasjonar, fleire hotell, kyrkjer og offentlege bygningar, og endå fleire bustadhus som enno pryder villastrøk, særleg i Bergen.

Peter Andreas Blix 1905 10 Unknown OMU OB.F03798Han restaurerte Håkonshallen og domkyrkja i Bergen og dreiv arkeologiske utgravingar, mellom anna i Gamlebyen i Oslo, i Østfold og på Hedemarken. Men sjølve livsverket hans er restaureringa av to mellomalderkyrkjer i Vik i Sogn: Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje.

Etter å ha undersøkt Hovekyrkja grundig i 1882, sette Blix i gang sjølve arbeidet sommaren 1883. Det trongst ein del kleberstein, og denne vart henta med båt frå Valsvik i Arnafjord. Seinare henta han stein til tårnet frå Ovrisdalen ovanfor Vik. Då han ville leige inn lokale bønder til transporten, nekta dei å bruke hestane sine, fordi dei meinte Blix betalte for dårleg. Men Blix stod ikkje rådlaus, han henta i staden hestar frå Bergen som drog steinen fram til byggjeplassen.

Katolsk liturgi og norrøn mytologi

Blix fjerna det meste av inventaret frå tida etter reformasjonen. Altertavla hamna på kyrkjeloftet. I staden fekk han på plass liturgisk utstyr som hadde sin plass i kyrkja i katolsk tid, som røykjelseskar og utstyr til vigslevatn. Heller ikkje restane av dei måla motiva frå 1600-talet fann han nokon grunn til å restaurere. Han henta impulsar frå norrøn mytologi, frå romerske og gotiske stilartar, med mange figurar. Taket i koret fekk han måla i ein sterk blåfarge med dekorasjonar.

IMG 2054 lite

Omstridt restaurering

Restaureringa av Hovekyrkja vart fullført i 1888. Arbeidet har seinare blitt møtt med fagleg kritikk. Robert Kloster, som har skrive om dei gamle kyrkjene i bygdeboka i Vik, har innvendingar særleg mot fullføringa av tårnet. Då Blix overtok kyrkja, var tårnet ikkje mura opp i full høgde, men der fanst ei tømra klokkestove som skreiv seg frå 1600-talet. Rett nok påviste Blix innvendig i tårnrommet nokre soklar i hjørnet som han meinte skulle bere ein planlagt mura krysskvelving, men Kloster avviser dette og konkluderer med at Blix si løysing er ”rett og slett gjettverk” der han ”ga et svært subjektivt svar på et dunkelt spørsmål”.'

 Strid om eigedomsretten

Sjølv om Blix hadde kjøpt kyrkja i 1880, var ikkje eigedomsretten heilt avklara. Presten i Vik skreiv i 1888 at salet ikkje var godkjent av dei kyrkjelege styresmaktene. Sidan kyrkja låg på kyrkjegarden måtte ho behandlast og nyttast på ein måte som var kyrkjegarden verdig, meinte han. Hovekyrkja måtte leggjast under kyrkjeleg tilsyn og ”henhøre blant de offentlige Bygninger”.

Stiftsdireksjonen var samd i dette, og kravde rett til å tilbakeføre kyrkja til kommunen om ”der sker Misbrug i Henseende til Kirkens Benyttelse, eller den ikke forsvarlig vedligeholdes”. Blix vart rasande over slik innblanding og klaga til departementet over vedtaket. Det enda med at Stiftsdireksjonen fekk seg ein smekk.

PB280014lite

Blix kviler under golvet i Hovekyrkja

Blix vart ikkje ferdig med Vik etter arbeidet med dei to kyrkjene. Om somrane budde han fast på rom nr. 20 på Hopstock Hotel og han synte sterk interesse for lokalsamfunnet Vik. Ikkje berre gjekk han rundt på gardane og teikna opp gamle bygningar, bumerke, beslag på dører og glas, åklede og vevnad – han gjorde seg også kjend med det levande tettstadmiljøet i Vik. Han skal ha prata mykje med folk, og endåtil ha betalt for at det vart delt ut brød til dei fattige. I løpet av somrane 1891–93 kartla han dessutan dei gamle gravhaugane i Vik.

I 1899 flytta Blix til Vik for å bu her fast, og han døydde to år seinare på rommet på Hopstock. Peter Andreas Blix kviler under golvet i Hovekyrkja, sjølve livsverket til den fargerike og handlekraftige arkitekten. Bror hans arva då kyrkja, og han gav ho vidare til staten.

Les også: Fortidsminneforeningen fikk Hove steinkyrkje i jubileumsgave

DSC 1203lite

FMF JUB GULL uten tekst 3 copy