fbpx

Foreninga fekk 1100-talskyrkje i jubileumsgåve

Kva er ei passande gåve til ein 175-åring, spurde dei seg hjå Riksantikvaren. Den eldste steinbygningen i Sogn, var svaret! Sundag vart Hove kyrkje i Vik høgtidleg overrekt Fortidsminneforeninga.

˗ Vi fann ut at den vakre mellomalderkyrkja Hove i Vik i Sogn og Fjordane måtte vere den ideelle gåva, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Hove steinkyrkje har gjennom ei årrekke vore eigd av Riksantikvaren, og dei seinaste åra har kyrkja blitt satt grundig i stand. Det er gjort alt frå gjenstandskonservering til restaurering av målararbeid.

Det er ikkje altfor mange dagar sidan Hanna Geiran kunne signere overdraginga av kyrkja til Fortidsminneforeningen. Sundag formiddag kunne ho overrekkje kyrkja til styreleiar i foreininga, Margrethe C. Stang. Hendinga vart markert i kyrkja, med andakt og kulturelle innslag, og, sjølvsagt, kyrkjekaffi.

- Kyrkjene er blant våre største kulturskattar

˗ Hove kyrkje er det best bevarte dømet vi har på restaureringspraksis på 1800-talet. Blix si restaurering er eineståande i norsk samanheng, og vi i Fortidsminneforeningen er stolte og glade over å få Hove-kyrkja inn i samlinga vår. Ho bidreg på ein vakker og fargerik måte til å fylle ut biletet av nasjonsbyggina og mellomalderbegeistringa på slutten av 1800-talet. Kyrkjene er blant dei aller største kulturskattane i landet vårt, og både Fortidsminneforeningen, Riksantikvaren og alle andre gode krefter må jobbe saman for å ta enda betre vare på dei i åra som kjem, seier styreleiar Margrethe C. Stang.

Les også: Eit omstridt livsverk: Blix' si restaurering av Hove steinkyrkje

- Ringen er slutta

Fortidsminneforeningen har allereie i mange år drive formidlingsvierksemd frå kyrkja. Med denne gåva eig no foreninga dei to fremste attraksjonane i Vik, Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje..

˗ Då Fortidsminneforeningen vart etablert i 1844, var det nettopp med føremål å redde dei siste av stavkyrkjene i Noreg. Derfor kjennast det som om ringen er slutta når vi no kan gje dei ei av dei viktigaste mellomalderkyrkjene av stein. Fleire stavkyrkjer og andre kulturhistoriske bygningar står framleis, takka vere foreininga. Deira innsats gjennom 175 år skaper kvar dag opplevingar, forankring, kunnskap og innsikt for svært mange av oss, seier Hanna Geiran.

Blix gravlagd inne i kyrkja

Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og blant dei eldste steinkyrkjene i Noreg. Ho vart bygd på 1100-talet. Den vakre og rikt dekorerte kyrkja vart truleg bygd som ei privatkyrkje, sidan det i Vik allereie var to kyrkjer på den tida, Hopperstad stavkyrkje og Tenhold kyrkje. Hove kyrkje vart kjøpt av Peter Andreas Blix i 1880, og han gjennomførte store restaureringsarbeid. Då Blix døydde i 1901, vart han gravlagd inne i kyrkja. Det var broren til Peter Andreas Blix som arva kyrkja og som igjen ga ho vidare til staten.

FMF JUB GULL uten tekst 3 copy