fbpx

Invitasjon til kurs i handhøvling av kledning

28. februar til 1. mars held vi kurs i høvling av kledning på Lillingstonheimen i Fjaler.

Hausten 2016 var Jarle Hugstmyr frå Norsk Handverksinstitutt her og lærte oss å lage høvlar – no er han tilbake og skal lære oss å høvle kledning! 28. februar til 1. mars held vi kurs i høvling av kledning på Lillingstonheimen i Fjaler

. Tema som takast opp er - Kanting av bord med øks, og med grindsag eller handsag. - Flaskhøvling med skrubb og sletthøvel både på høg benk og sitjande på låg benk/forsete. - Kanthøvling både i skottbenk og med langhøvel. - Evt. justering av omlegg med fletthøvel/falshøvel. - Høvling av ulike kantprofilar. - Litt enkelt om materialval. - Eggform på skrubb og sletthøvlar. - Litt om sliping.

Tid: Torsdag 28.02 og fredag 01.03.2019 Stad: Lillingstonheimen på Tysse i Fjaler

Pris: 1 800.- inkl frukost, lunsj og middag båe dagar Påmelding innan 1. februar til Ove Losnegård, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., 97 07 91 39

Treng du overnatting? Ta kontakt med Alexander på Lillingstonheimen, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., 99 25 90 72 Kurset er eit samarbeid mellom Fortidsminneforeininga og Jensbua Kystkultursenter AS