fbpx

Møbelfokus med Hanne Bjørk - gode råd om stell og vedlikehald

Er du glad i gamle ting og møblar? Ynskjer du gode råd og tips om vedlikehald og stell av slike, og kanskje tilstandsvurdert eit arvemøbel av ein ekspert?

Til Lillingstonheimen på Tysse kjem møbelrestaurerar Hanne Bjørk, og vi inviterer alle interesserte til temadag om emnet laurdag 7. desember kl. 12-17!

Hanne har lang erfaring med restaurering av møblar frå slott og husmannsstover - frå budalsstolar til kruningsstolar - og vil denne dagen dele av kunnskapen med oss. Saman med kunsthistorikar og tilsynshavar på Tysse, Alexander A. Rauboti vil ho elles kaste ljos over møblementet på staden, og gje personleg rettleiing til dei som måtte ynskje gode råd om eigne gjenstandar. Det er såleis høve til å få tilstandsvurdert (ikkje verdisett) eigne, medbringa ting, som t.d. ei skåpdør frå eit arvestykke, ein kjær stol e.l.. Hugs gode foto av heile møbelet om du ikkje har høve til å ta det med, eller berre får med deg representative delar.

Inngang: 150,-/100,- (medlem av Fortidsminneforeningen/ikkje-medlem). I billetten inngår enkel servering. Velkomen!