fbpx

Open dag i Gamle Innvik Ullvarefabrikk

Velkommen til ein innhadsrik dag på ullvarefabrikken i Innvik 31.8.

Gamle Innvik Ullvarefabrikk  - eit kulturminne i særklasse!

Den 31. august vil Stiftelsen Gamle Innvik Ullvarefabrikk  saman med Fortidsminneforeninga, Sogn og Fjordane avdeling og Stryn Historielag ønskje velkomen til ein open dag på fabrikken i Innvik.

Kulturminnet er av dei største i landet, fordelt på  tre etasjar utgjer golvarealet nær 3000 kvadratmeter! Det har vore lagt ned stor innsats gjennom mange år for å ta vare på denne «industrikatedralen», og det blir lagt merke til at arbeidet med å gje innhald til bygningen ber frukter. Siste to åra har vi fått måla oppatt bygningen på tre sider, vindauge er kitta, naudsynte takreparasjonar er tatt, og ein har fått på plass eit heilt nytt anretningskjøken inn i bygningen.

Lokala blir i dag nytta til kulturarrangement av ulike slag, bryllaup m.m. Det er eit føreståande jubileum i 2020, der ein ønskjer å markere historia med 130 år sidan oppstart av produksjonen.

Laurdag den 31. august frå kl. 12.00 er dagen:

Ove Losnegård frå Fjaler vil demonstrere istandsetjing av gamle vindauge, der han både syner teknikkar og fortel om kva kvalitet dei gamle vindauga hadde.

Hovudstyremedlem Christine Frønsdal  og dagleg leiar Jon E. Tamnes i Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane vil vere tilstades og orientere om Fortidsminneforeninga.

 Det blir også andre interessante aktivitetar:

  • Ei bygdevandring startar kl. 12.00 ved fabrikken, ca. 1 ½ time innom historiske stader i Innvik
  • Veving på eldre vevstolar, demo av gammal ruemaskin, orientering om anna teknisk utstyr på fabrikken.
  • Presentasjon av det nye anretningskjøkenet
  • Konsert kl. 17.00 med Linda Gytri

Velkommen til Innvik!

Kontakt Sogn og Fjordane avdeling

 FMF JUB GULL TEKST copy copy copy copy copy copy copy copy copy copy