fbpx

Urnesmedaljen til Jon Bojer Godal

Jon Bojer Godal ble fredag tildelt foreningens høyeste utmerkelse for sin iherdige innsats for de tradisjonelle bygningsfagene innen bygningsvernet.

Urnesmedaljen ble delt under Handverksdagene på Røros, og det var generalsekretær Ola H. Fjeldheim som sto for overrekkelsen. Gratulerer!

Jon Bojer Godal ble lansert som kandidat til Urnesmedaljen av Grethe Holmboe, leder av Rogaland avdeling. Også Rørosmuseet og Norsk håndverksinstitutt støttet kandaturet. Her er Holmboes begrunnelse: 

Urnesmedaljen tildeles Jon Bojer Godal for hans iherdige innsats for bygningsvernet gjennom vektlegginga av handverkaren og dei tradisjonelle bygningsfaga og vidareføring av dei lokale nyansane.

Jon Bojer Godal er født i Rauland i 1937. Han er utdanna forstmann frå Landbrukshøgskulen på Ås, har vore rektor og lærar i sjøbruk ved Fosen folkehøgskule på Rissa, vore tilsett ved Norsk handverksutvikling på Maihaugen og engasjert i oppbygginga av Husasnotra og Geitbåtmuseet ved Nordmøre museum. Dette har bare vore grunnlaget for det store engasjementet for den utdøyande kunnskapen i handverksfaga som er grunnlaget for får kulturarv. Heile landet har vore hans virkeområde, frå nord til sør. Han er blitt ein nestor for oss som driv med bygningsvern og er i ein alder av 82 år framleis like aktiv og aktuell.

Med sin store kunnskap om skogbruk har han halde fram med forsking rundt treet som virke i båtbygging, så vel som husbygging. Han har søkt etter kunnskapen hjå gamle skogskarer, som han har kalla tradisjonsberarar, om behandling av treet på rot for å få best mulig virke, og korleis ein kan lesa treet, og korleis ein feller og fører det fram. Han har vore ein pådrivar for å få skogeigarar til å verna om gamalskogen sin og reservera han for gode prosjekt.

LES: Rørosmuseet om Jon Bojer Godal

LES: Håndverksinsituttet om Jon Bojer Godal

godalHan har vore pådrivar for å få fram kystkulturen og båtbyggartradisjonane, registrera, dokumentera og vidareføra, på same måte som han har registrert, dokumentert og ivra for vidareføring av handverkstradisjonane i alle bygningsfaga, også dei små og utdøyande handverksfaga.

Språket til Jon Godal er klart og presist. Saman med Magne Velure klekka dei ut begrepet «handlingsboren kunnskap», som i dag blir brukt i dagleg tale i det norske språket. Han er nøye med å presisera forskjellen mellom kunnskap om handverk, og kunnskap i handverk.

Jon har vore sentral i opparbeidinga av Norsk Handverksregister som sidan er utvikla til Norsk handverksinstitutt, og er arkitekten bak dokumentasjonsmetoden med Tradisjonsberar – fagmann – dokumentator som fleire institusjonar no har tatt i bruk. Han har vore sterkt engasjert i vidareføringa av handverket gjennom 3-åreg stipendordning for handverkarar som no er blitt ein permanent ordning ved Håndverksinstituttet. Han har vore med og arbeid fram Nordisk treseminar på Dovre, Bygningshistorisk park og Handverksdagane på Røros. Han har vore ein forkjempar og pådrivar for utdanning av handverkarar og formalisert etterutdanning for tradisjonshandverk med fokus på praktisk utøving. Som resultat av dette har me i dag fagskole på innlandet med linje for Tradisjonelt bygghandverk og NTNU studie med bachelor studie i Tradisjonelt bygghandverk og teknisk bygningsvern. Men trua på at den beste læring skjer i praktisk arbeid over tid med læremeister har ført til nyskapinga «Næming ordninga» med utgangspunkt i Husasnotra.

Jon har ein formidabel formidlarevne. Han auser av den store kunnskapen sin ved stammen av eit tre i skogen, ved eit nedrast torvtak på vidda, ved lysekarda bak sjøhusveggen, så vel som i føredragsalen. Når Jon snakkar er det stilt. Han treffer handverkaren så vel som akademikaren og har opna auga våre for nok eit nytt tema som me tar med oss heim. Stadig er han på sporet etter meir kunnskap. Jo meir ein veit, jo fleire spørsmål opnar seg. Heile tida på jakt etter den tapte kunnskapen. Og får oss med.

Formidlingsevna har gitt seg utslag i ei lang rekke bøker. Fleire av dei er gjort i samarbeid med fagfolk innanfor dei ulike områda, mellom anna 4 bind om Åfjordbåten og Nordlandsbåten i lag med Gunnar Eldjarn og serien om Beresystemer, Tre til tekking og kledning og Tre til reis og laft. Alt dette i 1994. Med meir kunnskap kom det nyleg ut nye, utvida utgåver av alle bøkene, no med to bind Om det å lafte. Jon er klar på at ein ikkje kan lesa seg til å bli handverkar. Bøkene er såleis ei støtte for dei som er aktive handverkarar.

Uttaler:

Hardanger fartøyvernsenter seier at dei «verdsetter høgt det arbeidet som Jon Godal har gjort for våre fagfelt. De maritime handverksfagene har vært sentrale i hans arbeid med å gjenreise handverk, samtidig har hans ambisjoner og arbeidsmåter dannet mønster for det videre arbeidet som skjer innenfor vern av maritime kulturminner.»

Terje Planke seier «Det er ingen tvil om at Jon er viktig for bygningsvernet i Norge. Han er både bred og dyp, og har hele veien jobbet for å bygge opp den praktiske kunnskapen i seg selv og som fenomen. Denne måten å arbeide på er etter hvert blitt anerkjent. Således har Jon hatt stor betydning for måten hele feltet har utviklet seg på. Jon er generøs og deler alltid sin kunnskap. Han har en egen måte å sette seg inn i nye saksfelt, misjonere og fremme sin tankegang og forståelse gjennom strålende formidling.»

Fortidsminneforeiningens hovedstyre gratulerer Jon Bojer Godal med Unresmedaljen, tildelt på Røros 23. august 2019.