Hestad kapell ligger i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Kapellet på Hestad vart bygd i 1805, og erstatta ei stavkyrkje som hadde stått sidan mellomalderen. Ifølge segner stod det ei kyrkje på holmen Øyra allereie på 1100-talet, men skriftlege kjelder seier ingenting om eit kyrkjebygg her før i eit paveleg rekneskap frå 1327. "Nybygget" – altså kyrkja frå 1805 - er grovt utført, og ser ut til å ha blitt reist ved dugnadsarbeid i bygdesamfunnet.

Før vegen kom gjekk all trafikk over vatnet eller isen, og kyrkja var sentralt plassert i høve til ferdsla.

Fortidsminneforeninga overtok kapellet i 1917.

Hestad kapell held ope i heile juli månad, og i tillegg kan grupper førehandstinge
omvisingar heile året, òg med vokal song. Kapellet er ei særs romantisk og populær kyrkje å gifte seg i, og dei som ynskjer det kan leige ho til vigselsseremoni. Det vert arrangert tre gudstenester i kapellet gjennom året, og vanlegvis ein konsert i førjulstida. 

Tinging av omvisning kan gjerast ved å sende ein e-post til hestad@fortidsminneforeningen.no eller ved å ringe 90 59 09 96  (Åshild Kjelstad Seljesæter) .

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

02.07.2018 - 29.07.2018 Onsdag - søndag 12 -17

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

90 59 09 96

Adresse

6973 Sande i Sunnfjord

Priser

Voksen: 60,- NOK ; Gruppe (min.15) NOK 50,-
Honnør: 50,- NOK ; Familie: 150,- NOK
Student og barn: 40,- NOK