Kaupanger Stavkyrkje er den største stavkyrkja i Sogn. Midtrommet blir bore av 22 stavar med 8 stavar på kvar langside og 3 på kvar kortside. Koret har også heva midtrom bore av 4 frittståande stavar. Kyrkja har det største tal av stavar som er funne i ei stavkyrkje.

Kyrkja sin mellomalderkonstruksjon er intakt, bortsett frå takstolen over skipet, og ho blir rekna som ei av dei godt ivaretekne stavkyrkjene våre. Kyrkja har vore restaurert fleire gonger, seinast i 1960-åra, då ho fekk tilbake utsjånaden frå 1600-talet. Utgravingane under kyrkjegolvet viste spor etter to tidlegare stolpekyrkjer. Dei er daterte til siste halvpart av 1000-talet og tidleg 1100-tal. Den siste stolpekyrkja ligg i eit brannlag. Under brannlaget vart det funne ein mynt prega i 1130. Årstalet gir ei nedre grense for når den noverande kyrkja kan vera bygd. Namnet Kaupanger tyder på at det frå gamal tid har lege ein kaupang her. Historiske kjelder har lite å fortelja om staden, som første gong er nemnd i Sverre-soga i samband med eit bondeopprør i 1183-84. Då let kong Sverre kaupangen brenne, etter at sysselmannen hans, Ivar Dape, vart drepen vinteren før. Tidlegare forskarar har sett brannlaget i samanheng med kong Sverre sin straffeekspedisjon i Sogndal i 1184. Erla B. Hohler (1999) peikar på at myntfunna berre fortel at kyrkja har brent etter 1130, og at dei skriflege kjeldene er tause om korvidt ho brann i 1184. Hohler ser fleire likskapar mellom portalane i Kaupanger og Hopperstad (ca.1140), og konkluderer med at portalane i Kaupanger må vera skorne samtidig eller kort tid etter Hopperstad sine. Dateringa blir støtta av ein dendrokronologisk prøve teken av sørportalen i kyrkja, som viser at tømmeret vart hogge i 1137.Både preikestolen, altertavla og døypefonten er frå 1600-talet. Kaupanger Stavkyrkje er fortsatt soknet si kyrkje og har vore i vanleg bruk som soknekyrkje gjennom alle år. Spor frå fortid og notid gjer kyrkja levande og er med på å fortelje historia til kyrkja og til folket som har brukt henne gjennom alle tider.

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

01.06 – 31.08

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

57 67 88 40

Adresse

Ornes 102, 6870 Ornes

Priser

Voksne NOK 70,-
Grupper (min 15 pers) NOK 60,-
Pensjonist NOK 60,-
Familie NOK 180,-
Student/barn NOK 50,-

Merknader til besøkende

Åpningstider: 10 – 17