Steinsafari

Publisert 02.05.2024

Bjørnafjorden lokallag inviterer til steinsafari i Eikelandsosen 9. mai

Stein har vore eit materiale som folk har gjort seg nytte av til alle tider. I Noreg har me ikkje pyramidar, men me har kvardagskunst av stein rundt oss på alle kantar om me berre ser etter. På Eikeland / Austestad har me steinarbeid som er vel vert å sjå på. Husmurar, lange murar i utmarka, hellebrot fleire plassar. I tillegg til å sjå korleis ein lokalt har brukt stein, vil Eva Røyrane fortelja og vise bilde frå boka: Av stein, som ho har laga med fotografen Oddleiv Apneseth. Her er det dokumentert bruk av stein frå heile Vestlandet. Du vil bli imponert!

 

kl 1115 Eva Røyrane: Stein og mur - brukskunst av stein. Fusa vidaregåande skule

ca kl 1215 Avmarsj frå Fusa vgs til Eikeland. Me ser på husmurar og murar i utmarka. Stopp ved hellebrota på Eikeland. Dei som vil kan snu her og gå tilbake til Leiro.

Resten vert med vidare til steinbrota på Austestad og ned til Austestad. Det vil vera bilar som kan køyra tilbake til Eikelandsosen, eller ein kan gå om lag 2 km langs vegen.

Rundturen tek 3 - 4 timar.

Ferje kl 1040 frå Hatvik

Turleiar Terje Raunsgard i lag med lokale kjentmenn.

 

Deltakaravgift; kr 50.-